Drive-in basar 6/6

Laurdag 6. juni kl 11 kan du delta på ImF Sunnmøre sin Drive In Basar på Blindheim bedehus. Basaren blir heldt på15 ulike stadar rundt om på Sunnmøre.


Du får kjøpe lodd, delta i ein liten konkuransse og det vert salg av kaffe/saft og litt å bite i.


Du kan kome med bilen din og kjøre ein runde frå stasjon til stasjon på parkeringsplassen utanfor bedehuset. Du kan også kome gåande eller syklande. Vi skal følgje alle smittevernsreglar.


Vi skal ha eit eige bilnummer-lotteri med ein sykkel som premie. Hvis du kjem gåande kan du lage ditt eige registreringsnummer å ha på ryggen, barnevogna eller sykkelen din, så vert du med i trekninga saman med alle dei som kjem med bilar.


Om kvelden avsluttar vi med ei direktesendt TV-sending på ImF Sunnmøre sine Facebook-sider med trekning, andakt med meir.



5 visninger
Blindheim 
bedehus

Blindheim og Hatlehol Indremisjon
Gamle Blindheimsveg 1
6012 Ålesund

Org. nr: 991 751 238

  • White Facebook Icon
BB logo.png